Historisk arkiv

Senking av taket for eigarskap i havbruksnæringa

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa seier i Soria Moria-erklæringa at ein skal gjennomgå konkurransetilhøva i havbruksnæringa og at taket for eigarskap skal setjast lågare enn det er i dag.

Pressemelding

Nr.: 87/2005
Dato: 02.12.2005
Kontakt: Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim 22 24 64 60/ 90 57 09 41

Senking av taket for eigarskap i havbruksnæringa

Regjeringa seier i Soria Moria-erklæringa at ein skal gjennomgå konkurransetilhøva i havbruksnæringa og at taket for eigarskap skal setjast lågare enn det er i dag.

Fiskeri- og kystdepartementet gjer i eit høyringsbrev framlegg om at ingen skal kunne ha meir enn 25 prosent av samla konsesjonsbiomasse innanfor oppdrett av laks og regnbogeaure.

I følgje den nye akvakulturlova skal forskrifta om eigaravgrensing vidareførast når akvakulturlova trer i kraft 1. januar 2006 sjølv om heimelsgrunnlaget til forskrifta i oppdrettslova vert oppheva frå same dato. Forskrifta om eigaravgrensing bør difor endrast før nyttår.

I dag må ein ha løyve til erverv dersom ein ønskjer å få kontroll med meir enn 20 prosent av samla konsesjonsbiomasse. Departementet gjer framlegg om å endre dette til 15 prosent. Vidare går departementet inn for at det absolutte eigartaket vert senka frå 35 prosent til 25 prosent.

Departementet meiner at taket for eigarskap ein no gjer framlegg om vil gje styresmaktene betre kontroll med endringar i marknaden som fører til store eigarkonstellasjonar. Samtidig tar framlegget omsyn til næringa sine behov for omstilling og konkurranseevne.

For å hindre tilpassingar i høyringsperioden har Fiskeri- og kystdepartementet gitt Fiskeridirektoratet instruks om å praktisere den nye grensa på 15 prosent i eventuelle einskildsaker fram til at forskriftsendringa er vedtatt.

Høyringsfristen er 16. desember 2005.