Historisk arkiv

Sildeavtale mellom EU og Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Noreg og EU-kommisjonen har inngått ei bilateral avtale om fisket etter norsk vårgytande sild for 2006.

Pressemelding

Nr.: 93/2005
Dato: 12.12.2005
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40

Sildeavtale mellom EU og Noreg

Noreg og EU-kommisjonen har inngått ei bilateral avtale om fisket etter norsk vårgytande sild for 2006.

Etter avtala kan Noreg fiske 564.200 tonn sild i 2006. EU kan fiske 62.000 tonn. EU får løyve til å fiske heile kvoten sin i norsk økonomisk sone og i fiskerisona rundt Jan Mayen. Det vert óg slutt på forbodet mot å lande sild fanga med fartøy frå EU i Noreg.

- Regjeringa helsar velkomen at Noreg og EU har fått på plass ei avtale om norsk vårgytande sild, som i tillegg til å leggje til rette for langsiktig og berekraftig fiske på sildebestanden, óg legg grunnlag for ytterlegare styrking av det bilaterale fiskerisamarbeidet mellom Noreg og EU, seier utanriksminister Jonas Gahr Støre.

Tidlegare i haust lukkast ein ikkje å få til ei fempartsavtale om forvaltinga av norsk vårgytande sild, som ville omfatte alle kyststatane. Noreg har gjennom avtala med EU og tidligare gjennom avtala med Russland sikra at tre av kyststatane avgrensar fisket sitt.

- Avtala med EU legg til rette for stabilitet i uttaket av norsk vårgytande sild. Avtala inneber óg at normale forhold når det gjeld landing og handel med sild vert gjenoppretta. Eg ser for meg at dette vil vere til stor nytte både for fangst- og landsida i fiskerinæringa, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.