Historisk arkiv

Drøfter marine beskytta område

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Marine beskytta område – frå global politikk til regionalt perspektiv. Dette er temaet for den tredje nordatlantiske konferansen som vert halden i Tromsø 6. og 7. juni.

Pressemelding

Nr.: 42/2006
Dato: 02.06.2006
Kontaktperson: Underdirektør Ann Kristin Westberg tlf. 22 24 64 46/ mob. 916 95 372

Drøfter marine beskytta område

Marine beskytta område – frå global politikk til regionalt perspektiv. Dette er temaet for den tredje nordatlantiske konferansen som vert halden i Tromsø 6. og 7. juni.

Konferansen er eit forum for samarbeid om spørsmål knytt til berekraftig bruk av levande marine ressursar og det å ta vare på det marine miljøet. Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen opnar konferansen i Tromsø.

- Beskytta område er eit tema som vert drøfta i mange internasjonale fora. Eit viktig mål med konferansen er å få ei fagleg og forvaltingsmessig vurdering av dette omgrepet og drøfte korleis marine beskytta område kan brukast som reiskap i forvaltinga av dei levande marine ressursane, seier Helga Pedersen.

På konferansen deltar det politikarar, forvaltarar og vitskapsfolk frå Canada, Island, Færøyane, Skottland, Danmark, Sverige, Russland, Noreg og frå EU-kommisjonen. I tillegg til den norske ministeren deltar også fiskeriministrane frå Island og Færøyane.

Priv. til red:

Konferansen er på Rica Ishavshotell i Tromsø og media er velkomne. Sjå vedlagde program.