Esben Schlytter avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 07.04.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
Esben Schlytter er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Schlytter skal arbeide i Avdeling for kystforvaltning.
Pressemelding
Nr.: 30/2006
Dato: 07.04.2006
kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig, 22 24
64 37
Esben Schlytter avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet
Esben Schlytter er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet.
Schlytter skal arbeide i Avdeling for kystforvalting i departementet med ansvarsområde innan sjøtransport og hamnepolitikk. Dette omfattar blant anna arbeidet med Nasjonal transportplan og internasjonale rammevilkår for sjøtransport.
Esben Schlytter er 36 år og utdanna cand. polit. med hovudfag i sosialøkonomi. Han har arbeidd i Fiskeri- og kystdepartementet, Avdeling for kystforvalting sidan 1999 og vart i 2003 utnemnd til underdirektør.