Forlenga blåkveitefiske for kystflåten
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding
Pressemelding | Dato: 20.06.2006 | Sist oppdatert: 05.10.2006
- Blåkveitefisket for kystflåten vert forlenga med fire dagar. Grunnen er at det har vore mykje dårleg ver sidan fisket opna 6. juni. Dei mindre fartøya har hatt det særleg vanskeleg, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.
Pressemelding
Nr.: 50/2006
Dato: 20.06.2006
Kontaktperson: Statssekretær Vidar Ulriksen 22 24 64
02
Forlenga blåkveitefiske for kystflåten
- Blåkveitefisket for kystflåten vert forlenga med fire dagar. Grunnen er at det har vore mykje dårleg ver sidan fisket opna 6. juni. Dei mindre fartøya har hatt det særleg vanskeleg, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.
I dei ni første dagane av blåkveitefisket i år er det fanga 662 tonn mot 1466 tonn dei ni første dagane i fjor. No vert fiskeperioden i juni utvida frå og med 27. juni til og med 30. juni.
- Det inneber at fiskeperioden i juni i år likevel vert kortare enn i fjor, seier Vidar Ulriksen.
Fisket er delt i to periodar, den eine i juni og den andre i august. Det enkelte fartøyet kan berre delta i ein av dei to periodane. Noreg tillet berre eit avgrensa direkte fiske etter blåkveite for kystflåten.