Historisk arkiv

Invitasjon til ministermøte om ulovleg fiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen inviterer ei rekkje utanlandske ministerkollegaer til rundebordskonferanse i Trondheim måndag 7. august for å drøfte problema knytt til ulovleg fiske.

Pressemelding

Nr.: 64/2006
Dato: 24.07.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40
Kontaktperson: Informasjonssjef Bjarne Myrstad 22 24 64 09

Invitasjon til ministermøte om ulovleg fiske

Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen inviterer ei rekkje utanlandske ministerkollegaer til rundebordskonferanse i Trondheim måndag 7. august for å drøfte problema knytt til ulovleg fiske.

Media er velkomne til å følgje rundebordsdrøftingane og får høve til å stille spørsmål til ministrane på eit etterfølgjande møte med pressa.

Møta vert haldne på Radisson SAS Royal Garden Hotel i Trondheim.

Rundebordskonferansen startar måndag 7. august kl. 09.00.

Pressemøtet startar kl. 15.30.

Deltakinga på rundebordskonferansen er enno ikkje heilt fastslegen, men det er klart at ministrane frå Storbritannia, Skottland, Portugal, Marokko, Sverige og Noreg møter. I tillegg vil der vere representantar frå EU, Tyskland og Island.

Meir førehandsinformasjon vil komme nærare møtedagen.

Velkomen.