Historisk arkiv

Marokko og Noreg har inngått avtale om tiltak mot ulovleg fiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Marokko og Noreg inngjekk ein bilateral avtale om ressurskontroll i fiskerisektoren i Rabat i Marokko 7. september. Avtalen opnar for gjensidig informasjonsutveksling om fangst og landing av fisk mellom dei to landa. Det var statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet som skreiv under avtalen på vegne av Noreg.

Pressemelding

Nr.: 74/2006
Dato: 08.09.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams 22 24 64 40

Marokko og Noreg har inngått avtale om tiltak mot ulovleg fiske

Marokko og Noreg inngjekk ein bilateral avtale om ressurskontroll i fiskerisektoren i Rabat i Marokko 7. september. Avtalen opnar for gjensidig informasjonsutveksling om fangst og landing av fisk mellom dei to landa. Det var statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet som skreiv under avtalen på vegne av Noreg.

Foto: Ola Sletten

Vidar Ulriksen seier at avtalen og det vidare samarbeidet mellom Marokko og Noreg er svært viktig i kampen for å avgrense det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket:

- Marokko tek i mot betydelege mengder fisk i sine hamner og landet har ein stor foredlingsindustri. Alt i alt er ein halv million menneske sysselsette i den marokkanske fiskerisektoren. Difor er det viktig å samarbeide med Marokko, seier Ulriksen.

Statssekretær Ulriksen rosar Marokko sin innsats dei siste vekene, der marokkanske styresmakter etter oppmoding frå Noreg har avvist svartelista transportfartøy med betydelege mengder fisk.

- På den måten vert kostnadane ved å drive ulovleg fiske langt høgre for eigarane av slike fartøy. Utviklinga dei siste vekene viser at å stenge hamner for ulovleg fanga fisk i stadig fleire land er eit effektivt tiltak mot det ulovlege fiske, seier Vidar Ulriksen.

Les også:  Fartøy med ulovlig fisk jaget fra havn til havn