Historisk arkiv

Nordatlantiske ministrar drøfter ulovleg fiske

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Noreg er vertskap for den ellevte nordatlantiske fiskeriministerkonferansen som vert halden på hurtigruta mellom Tromsø og Brønnøysund 8. og 9. juni.

Pressemelding

Nr.: 43/2006
Dato: 02.06.2006
Kontaktperson:
Seniorrådgjevar Hans-Olav Stensli 22 24 64 18
Informasjonsrådgjevar Sigbjørn Larsen 97 62 46 78

Nordatlantiske ministrar drøfter ulovleg fiske

Noreg er vertskap for den ellevte nordatlantiske fiskeriministerkonferansen som vert halden på hurtigruta mellom Tromsø og Brønnøysund 8. og 9. juni.

- På konferansen vil vi utveksle synspunkt og diskutere løysingar på ei rekkje viktige fiskeripolitiske spørsmål. Ei sentral utfordring er å kunne styrke dei regionale fiskeriorganisasjonane, så som Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC), seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

- Eit særleg viktig tema på konferansen er tiltak for å redusere ulovleg fiske i Nord-Atlanteren. Frå norsk side vil vi spesielt ta til orde for å styrke flaggstatsansvaret for å få bukt med det ulovlege fisket. For å kunne redusere landingar av ulovleg fanga fisk går Noreg også inn for å styrke hamnestatane sine kontrolltiltak gjennom NEAFC. Dette er utfordringar som berre kan løysast gjennom internasjonalt samarbeid, seier Helga Pedersen.

I tillegg til fiskeri- og kystminister Helga Pedersen deltar følgjande ministrar på konferansen:, Bjørn Kalsø for Færøyene, Einar Gudfinnson for Island og Finn Karlsen for Grønland. Også EU-kommisæren for fiskeri Joe Borg tar del. Frå Russland møter leiaren for Fiskeriavdelinga i Landbruksdepartementet Aleksander Fomin, og frå Canada møter assisterande departementsråd (Assistant Deputy Minister) for Fiskeri og havdepartementet David Bevan.

Konferansen vert avslutta før markeringa av Kystens dag i Brønnøysund 9. juni om ettermiddagen.

Priv til red:

Ved avslutninga av Den nordatlantiske fiskeriministerkonferansen vert det eit møte med media om bord i hurtigruteskipet Polarlys fredag 9. juni kl.14.45 – 15.15.

Etterpå vert det høve til fotografering på dekk under innseglinga til Brønnøysund.

Siste stopp for ombordstiging i Polarlys før dette er Sandnessjøen kl.13.30.