Historisk arkiv

Nye undersøkingar av ubåten ved Fedje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa foreslår overfor Stortinget at det skal løyvast 28 millionar kroner ekstra til fleire naudsynte undersøkingar i sommar av ubåtvraket ved Fedje.

Pressemelding

Nr.: 27/2006
Dato: 31.03.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig 91 54 42 35

Nye undersøkingar av ubåten ved Fedje

Regjeringa foreslår overfor Stortinget at det skal løyvast 28 millionar kroner ekstra til fleire naudsynte undersøkingar i sommar av ubåtvraket ved Fedje.

Kystdirektoratet manglar framleis viktig kunnskap for å kunne gje ei fagleg forsvarleg tilråding om korleis faren for ureining frå vraket og lasta bør fjernast. Det er viktig at dei får gjort desse undersøkingane til sommaren når veret tillet det, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Det er stadfesta at det finst behaldarar med kvikksølv ved og i vraket og det må leggast til grunn at ubåten hadde ei last på 65 tonn kvikksølv. Den tyske ubåten vart senka ved Fedje på slutten av 2. verdskrigen.

Kystdirektoratet vil til sommaren undersøke ei rekke forhold som gjeld tilstanden til kvikksølvbehaldarane og vraket for å kunne gje ei best muleg vurdering av korleis problemet bør handterast. Direktoratet kalkulerer kostnaden til vel 31 millionar kroner. Det står att 3 millionar av løyvinga til arbeida kring vraket i fjor som vert overførde til i år.