Historisk arkiv

Rapport om den nasjonale slepebåtberedskapen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Fiskeri- og kystdepartementet har mottatt rapporten frå Kystdirektoratet som vurderer den nasjonale slepebåtberedskapen, mellom anna på bakgrunn av røynslene etter ”Fjord Champion”-havariet utanfor sørlandskysten i mars 2005. Departementet bad våren 2005 Kystdirektoratet om å gjennomføre ei slik vurdering.

Pressemelding

Nr.: 10/2006
Dato: 03.02.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig mob.: 915 44 235

Rapport om den nasjonale slepebåtberedskapen

Fiskeri- og kystdepartementet har mottatt rapporten frå Kystdirektoratet som vurderer den nasjonale slepebåtberedskapen, mellom anna på bakgrunn av røynslene etter ”Fjord Champion”-havariet utanfor sørlandskysten i mars 2005. Departementet bad våren 2005 Kystdirektoratet om å gjennomføre ei slik vurdering.

I rapporten går Kystdirektoratet gjennom slepebåtkapasiteten langs heile norskekysten. Det er i dag på plass ein statleg slepebåtberedskap for Nord-Noreg. Rapporten vurderer om det trengst ytterlegare tiltak, både i høve til den etablerte beredskapen i nord og behov for Midt- og Sør-Noreg. Dei nærare framlegga og detaljane i rapporten vil departementet no arbeide vidare med.