Historisk arkiv

Regulering av fisket etter brisling i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter brisling i EU-sona i Nordsjøen og i Skagerrak for 2007. Norske fiskarar kan fiske 18.812 tonn brisling i EU-sona og 3.900 tonn i Skagerrak.

Pressemelding

Nr.: 117/2006
Dato: 15.12.06
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, tlf. 22 24 64 40 og avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, tlf. 22 24 64 91

Regulering av fisket etter brisling i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter brisling i EU-sona i Nordsjøen og i Skagerrak for 2007. Norske fiskarar kan fiske 18.812 tonn brisling i EU-sona og 3.900 tonn i Skagerrak.

Brislingfisket i EU-sona vil bli gjennomført gjennom skriftleg påmelding til Norges Sildesalgslag innan tysdag 19. desember 2006. Etter at påmeldingsfristen er utløpt vert rekkjefølgja på utseglinga avgjort ved loddtrekning. Alle fartøy vert tildelt ein maksimalkvote på 800 tonn.

Fisket startar 1. januar 2007. Fartøy som er trekte ut og får delta må melde utsegling frå norsk hamn innan 2. januar 2007 kl. 00.00.

Det er forbode å fiske brisling i EU-sona og i norsk økonomisk sone frå 1. april til 31. juli 2007, og det er forbode å fiske brisling i norsk økonomisk sone i Nordsjøen så lenge fisket i EU-sona føregår.