Historisk arkiv

Regulering av fisket etter djuphavsartar i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter djuphavsartar i ICES statistikkområde X, XII, XIV i internasjonalt farvatn i 2007.

Pressemelding

Nr.: 134/2006
Dato: 22.12.2006
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter djuphavsartar i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter djuphavsartar i ICES statistikkområde X, XII, XIV i internasjonalt farvatn i 2007.

Innsatsen i fisket er redusert med 5% i høve til i 2006 til 35% i 2007. Dette inneber at det same talet på fartøy som i 2006 også kan delta i 2007, men talet på fiskedøgn er redusert til 508 i 2007.

Reguleringa inneber også eit forbod mot å fiske orange roughy.

Vidare er det fastsett ei regulering av haiartar som tek sikte på at heile fangsten skal takast vare på. Reguleringa går ut på at det ikkje skal gjerast utkast av haiartar. Vidare er det berre tillate å ha inntil 5% haifinnar om bord i vekt av den totale haifangsten. Dersom det vert teke hai som bifangst, skal den setjast ut att dersom den er levedyktig.

Fartøy som vil delta i fisket etter djuphavsartar må gi melding til Fiskeridirektoratet tidlegast tre dagar før det seglar ut og seinast ein dag før utsegling til internasjonalt område.