Historisk arkiv

Regulering av fisket etter makrell i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2007. Den norske makrellkvoten er sett til 131.965 tonn. Det er ein auke på 15.720 tonn samanlikna med 2006.

Pressemelding

Nr.: 131/2006
Dato: 22.12.2006
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40 Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter makrell i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter makrell i 2007. Den norske makrellkvoten er sett til 131.965 tonn. Det er ein auke på 15.720 tonn samanlikna med 2006.

Nytt i 2007 er at ein i reguleringssamanheng innfører eit gruppeskilje ved 13 meters faktisk fartøylengde for notfartøy. Dette inneber at basiskvoten for det enkelte fartøy framleis vert rekna ut frå heimelslengde, men at fartøyet hentar overregulering frå den gruppa det etter faktisk lengde tilhøyrer. I tillegg vert det sendt på ordinær høyring eit forslag om å endre driftsordninga slik at mottakande fartøy med faktisk lengde over 13 meter ikkje kan motta utveksla kvote frå fartøy med heimelslengde under 13 meter. Inntil dette forslaget er ferdig handsama vil slike søknader ikkje bli handsama av Fiskeridirektoratets regionkontor.

Den norske kvoten er fordelt med 99.112 tonn til ringnotgruppa, 25.000 tonn til kystfartøygruppa og 4.103 tonn til trålgruppa. Det er dessutan avsett 3.000 tonn til forskings- og undervisningskvotar og 750 tonn til agn.

Kystfartøya sin kvote på 25.000 tonn vert fordelt med 15.925 tonn til not, 8.575 tonn til garn/snøre, 400 tonn til open gruppe og 100 tonn til ikkje-manntalsførte fiskarar som fiskar med landnot. Av kvoten kystfartøy har fått tildelt på årsbasis, kan fartøy som fiskar med garn/snøre fiske 15 tonn i perioden 1. januar til 12. august. Notfartøy med faktisk lengde under 13 meter kan fiske heile sin maksimal- eller fartøykvote i denne perioden. Notfartøy med faktisk lengde over 13 meter kan fiske innanfor fartøykvoten i denne perioden, men ikkje utover 65,09 tonn. Kystfartøy i open gruppe kan fiske 5 tonn makrell i 2007.

Fartøy i kystfartøygruppa med faktisk lengde under 13 meter med løyve til å delta med not, har maksimalkvotar frå 34 tonn til 125,11 tonn avhengig av heimelslengde. Fartøy med faktisk lengde over 13 meter som har løyve til å delta med not, har fartøykvotar frå 22,29 til 154,50 tonn avhengig av heimelslengde. Fartøy i kystfartøygruppa med løyve til å delta med garn/snøre har maksimalkvotar frå 27 til 57,51 tonn avhengig av heimelslengda. For desse fartøya under 10 meter gjeld eit garantert kvantum på 5 tonn. Kvantum fartøy har fiska før 13. august, kjem til fråtrekk i maksimal- og fartøykvotane.

Ringnotfartøya sin kvote vert fordelt med 90.985 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 8.127 tonn til SUK-gruppa. Konsesjonspliktige ringnotfartøy kan kvar fiske 350 tonn makrell før 13. august. Ringnotfartøy utan konsesjon (SUK) kan fiske 250 tonn makrell før 13. august 2007.