Historisk arkiv

Regulering av fisket etter tobis og øyepål i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Nr.: 119/2006
Dato: 18.12.06
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Johán H Williams, tlf. 22 24 64 40 og avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, tlf. 22 24 64 91

Regulering av fisket etter tobis og øyepål i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter tobis og øyepål i 2007. I tråd med tilrådingane frå havforskarane er det innført strenge reguleringstiltak for tobis og øyepål. I 2007 kan øyepål berre fiskast som bifangst. Fisket etter tobis vil vere stengt i 2007.

Tobis og øyepål viser i følgje Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) sviktande reproduksjonsevne og har låge gytebestandar. Det er derfor nødvendig å vidareføre strenge reguleringstiltak for å byggje opp desse bestandane.

Det er innført forbod mot fiske etter tobis i Nordsjøen og Skagerrak i heile 2007.

Det er innført forbod mot direkte fiske etter øyepål både sør og nord for 62ºN i 2007. Øyepål kan difor berre fiskast som bifangst i fisket etter andre artar.