Historisk arkiv

Regulering av fisket etter torsk, sei og hyse nord for 62. graden i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62ºN i 2007. Med frådrag av kvotar til forsking, undervisning og agn, kan norske fartøy fiske 192.500 tonn torsk, 76.050 tonn hyse og 175.500 tonn sei i 2007. Ein går bort frå samlekvoteordninga for fartøy under15 meteri 2007 og det vert fritt fiske etter hyse og sei for desse fartøya. Men for torsk vert dei regulerte med fartøykvotar.

Pressemelding

Nr.: 126/2006
Dato: 21.12.2006
Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av fisket etter torsk, sei og hyse nord for 62. graden i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62ºN i 2007. Med frådrag av kvotar til forsking, undervisning og agn, kan norske fartøy fiske 192.500 tonn torsk, 76.050 tonn hyse og 175.500 tonn sei i 2007. Ein går bort frå samlekvoteordninga for fartøy under15 meteri 2007 og det vert fritt fiske etter hyse og sei for desse fartøya. Men for torsk vert dei regulerte med fartøykvotar.

Kvote etter heimelslengde – overregulering etter faktisk lengde

For 2007 vert grunnkvoten framleis gitt etter heimelslengde, men overreguleringa vert etter faktisk lengde.

Departementet legg til grunn at utskiftingar frå fartøy under 10 meter til fartøy mellom 10 og 11 meter ikkje er kvotemotiverte og har derfor valt å vidareføre spesialløysinga for fartøy mellom 10 og 11 meter på bakgrunn av dagens situasjon.

Det vert understreka at desse tiltaka er ei mellombels løysing for 2007 i påvente av meir permanent ordning frå og med 2008.

Den løysninga som er valt vil ikkje føregripe dei strukturpolitiske tiltaka som for tida er til behandling. Forslaget går ikkje ut på å avvikle Finnmarksmodellen, men er virkemiddel for å bøte på dei utfordringane som vert skapt av store avvik mellom fartøyas faktiske lengde og heimelslengde.

Ikkje samlekvote i 2007

Fartøy under 15 meter i lukka gruppe og alle fartøy i open gruppe har dei siste åra vore regulerte med samlekvotar av torsk, hyse og sei. Ein har for 2007 valt å gå bort frå samlekvotar grunna den stramme kvotesituasjonen på torsk samanlikna med situasjonen for hyse og sei. Det må understrekast at samlekvoten ikkje er forlaten som prinsipp, men ein meiner at reguleringane for 2007 er best tent med ei anna tilnærming.

Torsk

Den norske torskekvoten er fordelt med 135 597 tonn (70,44%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap (garn, line, snurrevad og snøre), og 56 903 tonn (29,56%) til trålarane.

Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan fiske 17 370 tonn, og er regulerte med fartøykvotar. Fartøy under 28 meter i lukka gruppe kan fiske 105 345 tonn, og fartøy i open gruppe kan fiske 12 882 tonn i 2007.

Fartøy i lukka gruppe under 28 meter er regulerte med fartøykvotar. Fartøya må dekke eventuell bifangst av torsk i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten. Fartøykvotene er frå 13,7 tonn til 211,6 tonn avhengig av heimelslengde og fartøyets faktiske lengde.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 639 tonn torsk i 2007, mot 676 tonn i 2006.

Hyse

Den norske hysekvoten blir fordelt med 45 911 tonn (62%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap og 28 139 tonn (38%) til trålarane.

Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan fiske 8 264 tonn, og er regulere med fartøykvote på 116 tonn. Fartøy under 28 meter i lukka gruppe kan fiske 33 974 tonn, og fartøy i open gruppe kan fiske 3 673 tonn i 2007.

Fartøy i lukka gruppe med faktisk lengde mellom 15 og 28 meter er regulert med maksimalkvotar avhengig av heimelslengde. Fartøya må dekke eventuell bifangst av hyse i fisket etter andre artar innanfor fartøykvoten.

Fartøy i lukka gruppe med faktisk lengde under 15 meter får fritt fiske med ein garantert kvote avhengig av heimelslengde.

Fartøy med torsketrålløyve med kvotefaktor 1,00 kan fiske 340 tonn hyse i 2007, mot 297 tonn i 2006.

Sei

Den norske kvoten er fordelt med 76 352 tonn (38%) til fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap, 50 231 tonn (25%) til notfartøya og 74 342 tonn (37%) til trålarane. 250 tonn av kvoten er sett av til agnformål.

Fartøy over 28 meter som fiskar med konvensjonelle reiskap kan fiske 8 399 tonn, fartøy under 28 meter i lukka gruppe kan fiske 57 264 tonn, og fartøy i open gruppe kan fiske 10.689 tonn sei i 2007.

Fartøy i lukka gruppe får fritt fiske med ein garantert kvote avhengig av faktisk lengde og heimelslengde.

Fartøy som fiskar sei med not kan fiske mellom 282 og 795 tonn.

Torsketrålarane kan fiske 59 474 tonn av trålkvoten og seitrålarane kan fiske 13 868 tonn etter at det er avsett 1 000 tonn til dekking av bifangst i industritrålfisket.

Trålgruppa er regulert med fartøykvotar. Fartøy med torsketrålløyve har desse kvotane: Fabrikktrålarar 836 tonn, ferskfisk- og rundfrysetrålarar 633 tonn og småtrålarar 367 tonn. Fartøy med seitrålløyve får kvotar etter ein stige frå 419 tonn til 1 198 tonn.

Påskestopp

Det blir ikkje innført påskestopp i 2007.