Historisk arkiv

Regulering av seifisket i sør i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2007. Norske fiskarar kan i 2007 fiske 61.335 tonn sei, noko som er om lag det same som i 2006.

Pressemelding

Nr.: 124/2006
Dato: 20.12.06
Kontaktpersoner: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40, avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av seifisket i sør i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av seifisket sør for 62. graden for 2007. Norske fiskarar kan i 2007 fiske 61.335 tonn sei, noko som er om lag det same som i 2006.

- Seibestanden er i god forfatning. For å sikre at bestanden framleis blir halden på eit høgt nivå blei Noreg og EU einige om ein kvote som er i tråd med forvaltingsplanen, og godt innanfor eit føre-var nivå. Med det håpar eg vi vil sikre fiskarane eit stabilt langtidsutbytte, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Gruppekvoten for notfartøy utgjer 5.500 tonn og for konvensjonelle fartøy 8.000 tonn. Resten av den norske seikvoten vert tildelt trålarane. Industri- og nordsjøtrålarane får ein gruppekvote på 8.427 tonn. Av gruppekvoten til industri- og nordsjøtrålarane er det sett av 5.000 tonn for å dekke bifangst av sei i industritrålfisket. Torsketrålarane får ein gruppekvote på 31.269 tonn, medan seitrålarane kan fiske 8.139 tonn sei i 2007.

Fartøy som fiskar med konvensjonelle reiskap vert regulerte med maksimalkvotar på 600 tonn. Det konvensjonelle fisket for fartøy over 28 meter vert stogga når det står att 1.400 tonn av gruppekvoten.

Fabrikktrålarane har ein maksimalkvote på 1.190 tonn, ferskfisk- og småtrålarane har ein maksimalkvote på 850 tonn, medan seitrålarane har ein fartøykvote på 705 tonn for fartøy med kvotefaktor lik 1.0.

Fartøy med industritrålløyve vert regulerte med maksimalkvotar på 400 tonn, medan fartøy med avgrensa nordsjøtrålløyve kan fiske 60 tonn. Desse trålgruppene har ein garantert kvote på 30 tonn.

I tråd med den biologiske rådgjevinga vert det direkte trålfisket stogga frå og med 25. juni til og med 5. august.