Historisk arkiv

Regulering av sildefisket i sør i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2007. Bestanden er i god forfatning men har hatt sviktande rekruttering dei seinare åra. For å sikre næringa stabilitet skal kvoten i følgje forvaltingsregelen berre variere 15 % opp eller ned frå år til år. På grunn av den sviktande rekrutteringa blei totalkvoten likevel sett ned med 25%. Den norske kvoten er på 98.908 tonn i 2007.

Pressemelding

Nr.: 125/2006
Dato: 20.12.2006
Kontaktpersoner: Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40, avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, 22 24 64 91

Regulering av sildefisket i sør i 2007

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter sild i Nordsjøen og Skagerrak i 2007.

Bestanden er i god forfatning men har hatt sviktande rekruttering dei seinare åra. For å sikre næringa stabilitet skal kvoten i følgje forvaltingsregelen berre variere 15 % opp eller ned frå år til år. På grunn av den sviktande rekrutteringa blei totalkvoten likevel sett ned med 25%. Den norske kvoten er på 98.908 tonn i 2007.

Etter overføring til tredjeland og etter avsetning til forsknings- og undervisningsformål gjenstår 95.892 tonn i Nordsjøen. I Skagerrak er kvoten 9.251 tonn.

- Sjølv om eitt av måla med forvaltningsplanane er å gje fiskarane stabile rammer, var nedgongen i kvoten naudsynt av omsyn til bestanden. Eg håpar på ei betring i rekrutteringa av nordsjøsild, seier Statssekretær Vidar Ulriksen.

Den norske kvoten er fordelt med 8.411 tonn til kystfartøygruppa, 7.360 tonn til trålarane, og 89.372 tonn til ringnotgruppa. Av ringnotgruppa sin kvote skal 5.362 tonn tilfalle fartøy i SUK-gruppa.

Fisket for fartøy i lukka gruppe i kystgruppa blir regulert med fartøykvotar. Fartøykvotane er differensierte, og varierer frå 8 tonn for dei minste og opp til 128 tonn for dei største fartøya. Fartøy i open gruppe kan fiske inntil 5 tonn innafor ei avsetting på 200 tonn, medan fartøy som fisker med garn kan fiske inntil 10 tonn innanfor den same avsettinga.

Bortsett frå 1.000 tonn avsett til bifangst er det frå 1. januar 2007 opna for at trålarane kan fiske sin gruppekvote i eit direkte fiske etter sild. Direktefisket blir regulert med fartøykvotar basert på bruttotonnasjen til fartøyet den 31. desember 2001. Trålfisket må som tidlegare gå føre seg i Nordsjøen.

For ringnotflåten vert det eksisterande reguleringsopplegget vidareført, men med den endringa at muligheita til å fiske 50% av Skagerrakkvota i Nordsjøen no er redusert til 40%.