Historisk arkiv

Resultatlause WTO-forhandlingar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- Det er svært uheldig for kysten og for fiskeri- og havbruksnæringa at forhandlingane om ein ny WTO-avtale no ikkje ser ut til å komme vidare, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet i ein kommentar til at forhandlingane vil bli suspenderte på ubestemt tid, etter at møta i helga mellom dei såkalla G6-landa (USA, EU, Brasil, India, Japan og Australia) ikkje førde forhandlingane vidare.

Pressemelding

Nr.: 65/2006
Dato: 25.07.2006
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Dag Erling Stai, telefon: 928 90 493

Resultatlause WTO-forhandlingar

- Det er svært uheldig for kysten og for fiskeri- og havbruksnæringa at forhandlingane om ein ny WTO-avtale no ikkje ser ut til å komme vidare, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet i ein kommentar til at forhandlingane vil bli suspenderte på ubestemt tid, etter at møta i helga mellom dei såkalla G6-landa (USA, EU, Brasil, India, Japan og Australia) ikkje førde forhandlingane vidare.

Sjølv om ein ikkje kom fram til noko resultat i denne omgang, er det framleis mange land, blant dei Noreg, som har sterk interesse av meir opne, føreseielege og moderne spelereglar for verdshandelen. Fiskeri- og kystdepartementet har arbeidd spesielt for betydelege og reelle kutt i tollsatsane for industrivarer, inkludert fisk, og for at regelverket for bruk av anti-dumpingtiltak skal strammast inn for å hindre urettkomne og proteksjonistiske tiltak mot blant anna norske fiskeriinteresser.

- I lys av dei grunnleggande eksportbehova våre og auka verdiskaping langs kysten som følgje av ein meir open og meir føreseieleg verdshandel, er det spesielt beklageleg at ein ikkje ser ut til å lukkast i å samle seg om ein ny WTO-avtale i denne omgang, seier Vidar Ulriksen. - Omlag 95 prosent av produksjonen i fiskeri- og havbruksnæringa vert eksportert. Betre marknadsvilkår er også svært viktig for utviklingslanda som står for nærare 50 prosent av verdshandelen med fisk og fiskevarer.

- Vi kan dermed ikkje slå oss til ro med dette, og vil arbeide aktivt for at forhandlingane vert tekne opp att til hausten, seier statssekretær Ulriksen.