Historisk arkiv

Vil styrke dokumentasjon om norsk sjømat

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Pressemelding

Regjeringa meiner det er viktig å møte problemstillingar knytt til dokumentasjon av framandstoff i sjømat og går i revidert nasjonalbudsjett inn for å løyve 4 millionar kroner ekstra til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) for å skaffe nytt analyseutstyr.

Pressemelding

Nr.: 37/2006
Dato: 12.05.2006
Kontaktperson: Ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen 22 24 64 10

Vil styrke dokumentasjon om norsk sjømat

Regjeringa meiner det er viktig å møte problemstillingar knytt til dokumentasjon av framandstoff i sjømat og går i revidert nasjonalbudsjett inn for å løyve 4 millionar kroner ekstra til Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES) for å skaffe nytt analyseutstyr.

- Dokumentasjon av at norsk sjømat er trygg og sunn er svært viktig for både for næringa og forbrukarane. Ved å styrke NIFES sin analysekapasitet kan instituttet på ein betre måte levere nødvendige støttetenester og spesialrådgjeving til Mattilsynet, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforskning (NIFES)

Les mer om revidert nasjonalbudsjett