- Eit gjennombrot i kampen mot svartfiske
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 24/2007 | Dato: 29.04.2007
1. mai 2007 vil stå som ein milepæl i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske i Nordaust-Atlanteren. Det er dagen då Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) innfører det nye regimet for hamnestatskontroll. - Dette er eit gjennombrot i kampen mot svartfisket i våre havområde. Hamnestatskontrollen i fiskeria vil skape langt betre oversikt over det samla fiskeuttaket. Det vil heretter bli vanskeleg for fartøy som driv ulovleg fiske å få landa tjuvgodset, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
1. mai 2007 vil stå som ein milepæl i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske i Nordaust-Atlanteren. Det er dagen då Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC) innfører det nye regimet for hamnestatskontroll.
- Dette er eit gjennombrot i kampen mot svartfisket i våre havområde. Hamnestatskontrollen i fiskeria vil skape langt betre oversikt over det samla fiskeuttaket. Det vil heretter bli vanskeleg for fartøy som driv ulovleg fiske å få landa tjuvgodset, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Systemet omfattar heile EU, Russland, Island, Grønland, Færøyane og Noreg. For at utanlandske fartøy skal få lande frosen fisk i hamnene i desse landa, må alle partar følgje ein grundig utarbeidd prosedyre.
Når fartøyet sender førehandsmelding om landing, må flaggstaten stadfeste overfor hamnestaten at:
- det aktuelle fartøyet har tilstrekkeleg kvote for fangsten
- fangsten er rapportert til flaggstaten for kvoteavrekning
- fartøyet hadde lisens for fiske i det aktuelle området
- fiskeriaktiviteten stemmer med flaggstatens satelittsporingsdata
Utan ei slik stadfesting kan frosen fisk ikkje landast. NEAFC har oppretta databasar for å ta vare på informasjonen til bruk for organisasjonen og medlemslanda.
- Det er gledeleg at Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen, inkludert Russland og EU, sluttar opp om avtalen om hamnestatskontroll. No startar eit stort arbeid med å implementere eit omfattande system i alle landa dette gjeld, seier Helga Pedersen.
Etter framlegg frå Noreg har også FNs matvareorganisasjon FAO vedtatt å utgreie eit globalt regime for hamnekontroll i fiskeria.
Kontaktperson: Seniorrådgiver Hans Olav Stensli, tlf 900 23 418