Historisk arkiv

25 millionar kroner til fornying av oljevernutstyr

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

I budsjettforslaget for 2008 foreslår regjeringa å styrkje løyvinga til fornying av oljevernutstyr med 25 millionar kroner. – I Soria Moria-erklæringa sa vi at regjeringa vil styrkje oljevernberedskapen. Det gjer vi med forslaget om å auke løyvinga til fornying av oljevernutstyr med 25 millionar kroner. Denne regjeringa leverer, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

I revidert budsjett 2007 vart det vedteke ei løyving på 29 millionar kroner til reetablering av hovuddepot på Fedje i Hordaland. Dei to siste åra er såleis løyvingane til oljevernberedskapen styrka med til saman 54 millionar kroner.

Kystverket har levert ein statusrapport for oljevernmateriell i statlege depot langs kysten, med ein tilrådd utskiftingsplan fram til 2010. Forslaget om auka løyving på 25 millionar kroner er ei oppfølging av denne rapporten.

Kontakt:
Pressevakttelefon 22 24 66 99
Kommunikasjonssjef Anne- Berit Herstad - mob. 970 81 522
Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig  - mob. 915 44 235