Historisk arkiv

Forvaltning av kongekrabbe aust for 26°Ø i 2007

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Kontaktperson: Avdelingsdirektør Kirsti Henriksen, tlf. 22 24 64 91

- Årets regulering av fangsten aust for 26°Ø er i all hovudsak ei vidareføring av fjorårets. Unntaket er at fangstsesongen blir opna 10. september, noko som er ca. to veker tidligare enn i fjor. I tillegg vil fartøykvotane denne sesongen bli overregulert med 10 prosent for å redusere behovet for refordelingar, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

På grunn av stortingsmeldinga om kongekrabbe som skal leggjast fram seinare i år, blir det no ikkje gjennomført større endringar for fangsten av kongekrabbe. For å stette ønsket frå næringa er fangstperioden for den kommersielle fangsten fastsett til perioden mellom 10. september 2007 og 31. januar 2008, med siste oppstartsdato den 30. november.  Fartøykvotane vil bli overregulert med 10 prosent for å redusere behovet for refordelingar seint i sesongen.

Gjeldande reglar om fritidsfangst av kongekrabbe blir vidareførde.

Forskrift om regulering av og adgang til å delta i fangst av kongekrabbe øst for 26°Ø i 2007/2008