Noreg og Færøyane einige om kvoteavtale for 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 84/2007 | Dato: 12.12.2007
- Eg er glad for at vi har fått kvoteavtalen med Færøyane for 2008 på plass, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet. Han understrekar at vidareføringa av ein høg norsk botnfiskkvote i færøysona er særleg viktig for norsk fiskerinæring.
- Eg er glad for at vi har fått kvoteavtalen med Færøyane for 2008 på plass, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet. Han understrekar at vidareføringa av ein høg norsk botnfiskkvote i færøysona er særleg viktig for norsk fiskerinæring.
Den norske botnfiskkvoten i færøysk sone for 2008 er noko høgre enn i 2007. Dei norske kvotane i færøysk sone i 2008 er: lange/blålange 2.525 tonn, brosme 1.847 tonn, sei 105 tonn og andre arter 891 tonn (som tidlegare).
Den færøyske kvoten på torsk i Barentshavet er auka med 54 tonn til 1.854 tonn i 2008. Den færøyske kvoten på hyse går opp med 143 tonn til 1.340 tonn og kvoten på sei aukar til 1.500 tonn kommande år.
Den færøyske kvoten på sild i Nordsjøen vert redusert frå 671 tonn i 2007 til 442 tonn i 2008, og den færøyske kvoten på sei i Nordsjøen vert redusert frå 600 tonn til 487 tonn i 2008.
Den norske kvoten på makrell i færøysk sone vert redusert til 1.625 tonn i 2008. Den færøyske kvoten av makrell i norsk sone vert redusert til 1.143 tonn i 2008. Færøyane sin kvote på hestmakrell er sett til 1.000 tonn.
Kolmulekvoten til Færøyane i NØS er sett til null, samtidig vert den norske kvoten i færøysk sone redusert til 15.060 tonn.
Kontaktperson: Underdirektør Ann Kristin Westberg 22 24 64 46
PROTOKOLL fra DRØFTELSER MELLOM NORSKE OG FÆRØYSKE MYNDIGHETERI OSLO 11. - 12. DESEMBER 2007, OM GJENSIDIGE FISKERETTIGHETER I 2008