Historisk arkiv

Prosjektering av nytt isgåande forskingsfartøy

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

- For å sikre framdrifta i arbeidet med å utgreie eit nytt isgåande forskingsfartøy foreslår vi ei løyving til prosjektering av eit nytt fartøy i 2008-budsjettet, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Regjeringa varsla i nordområdestrategien at behovet for isgåande forskingsfartøy skulle greiast ut nærare. I oppfølginga av dette vart det i februar 2007 sett ned ei arbeidsgruppe for å vurdere faglege behov for isgåande forskingsfartøy, fordelar og ulemper med ulike alternativ for å dekkje behovet for isgåande fartøy, eigarskapsforhold, driftsforhold med meir. Arbeidsgruppa la fram rapporten sin i juni 2007. Ei styringsgruppe samansett av representantar frå fleire departement vurderer no utgreiinga.

I forslaget til statsbudsjett 2008 er det sett av 5 millionar kroner til å dekkje kostnader knytt til prosjektering av nytt isgåande forskingsfartøy.

Kontakt:
Pressevakttelefon 22 24 66 99
Kommunikasjonssjef Anne- Berit Herstad mob. 970 81 522
Ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen mob. 480 64 549