Regulering av fisket etter breiflabb i 2008
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 91/2007 | Dato: 14.12.2007
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett regulering av fisket etter breiflabb i 2008. Gjeldande regelverk for breiflabbfisket vert i hovudsak ført vidare i 2008.
Fredingsperioden vert utvida til fem månader mellom 65 og 67°N – tilsvarande som nord for 67°N.
Vidare er det nytt i 2008 at fartøy som driv garnfiske etter breiflabb nord for 62°N skal rapportere til Kystvaktsentralen på Sortland om setting av garn, opphaling av garn ved avslutting av fisket, tap av garn og funn av tapte garn. Norske fartøy kan fiske med inntil 500 garn, som skal røktast minst annankvar dag.
Det er forbode å fiske med garn nord for 65°N i perioden frå og med 20. desember til og med 20. mai. I området mellom 62°N og 65°N gjeld forbodet frå og med 1. mars til og med 20. mai.
Forbodet mot direktefiske etter breiflabb med konsumtrål og snurrevad vert vidareført i 2008. Maksimal bifangst av breiflabb som er tillate i fiske etter andre artar med konsumtrål og snurrevad, vert ført vidare på 25 %.