Støtte til Politihøgskolen si etterutdanning om fiskerikriminalitet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Kontakt: kommunikasjonsrådgivar Sigbjørn Larsen, mobil 97 62 45 78 eller Pressevakttelefon 22 24 66 99
Pressemelding | Nr: 51/2007 | Dato: 06.09.2007
Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen og justisminister Knut Storberget besøkte i dag Politihøgskolen i Bodø. Statsrådane la vekt på at politiets arbeid med fiskerikriminalitet er viktig for å lukkast i kampen mot ulovleg fiskeriaktivitet til havs. Dei opplyste at regjeringa vil gje 230.000 kroner til eit etterutdanningstilbod om dette temaet.
Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen og justisminister Knut Storberget besøkte i dag Politihøgskolen i Bodø. Statsrådane la vekt på at politiets arbeid med fiskerikriminalitet er viktig for å lukkast i kampen mot ulovleg fiskeriaktivitet til havs. Dei opplyste at regjeringa vil gje 230.000 kroner til eit etterutdanningstilbod om dette temaet.
- Det er gledeleg at Politihøgskolen i Bodø ønskjer å tilby ei etter- og vidareutdanning om fiskerikriminalitet. Justissektoren er ein viktig del av arbeidet for å stoppe og straffeforfølgje ulovleg, uregistrert og uregulert fiske, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
- Dette er eit fiske som har alvorlege konsekvensar for lovlydige fiskarar, for fiskeindustrien, for havmiljøet og for styresmakter som arbeider med å sikre ei berekraftig forvaltning. Regjeringa vil difor bidra med 230.000 kroner til Politihøgskolen, øyremerka eit forprosjekt som skal utgreie og kvalitetssikre eit slikt utdanningstilbod, seier fiskeri- og kystministeren.
Utdanninga skal gje etterforskarar i aktuelle politidistrikt kunnskap om metodar for å etterforske dei vanlegaste tilfella av fiskerikriminalitet i Barentshavet. Utdanninga vil også ta for seg samarbeidspotensialet med russiske styresmakter, og det er framlegg om at russiske kompetansepersonar skal halde nokre av forelesingane.
Frå venstre ser vi leiar ved Politihøgskolens avdeling Bodø; Torje Stokland, fiskeri- og kystminister Helga Pedersen, justisminister Knut Storberget og politiinspektør Svein Dahl.
Statsrådens tale då ho besøkte Politihøgskolen i Bodø 6. september 2007: Fiskerikriminalitet i nordområdene - omfanget av og utfordringer ved ”svart fangst”