Historisk arkiv

Styrkt oppfølging av forvaltningsplan Barentshavet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Regjeringa foreslår å auke løyvinga til MAREANO-programmet (Marin arealdatabase for nordlege havområde) med 9 mill. kroner. – Tilleggsløyvinga gjer det mogleg å kome lenger i kartlegginga av havområda i nord, og vil styrkje kunnskapsgrunnlaget for evalueringa av Forvaltningsplan Barentshavet, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.


MAREANO-programmet har som mål å kartleggje og gjennomføre grunnleggjande studium av det fysiske, biologiske og kjemiske miljøet på havbotnen og systematisere informasjonen i ein arealdatabase for norske kyst- og havområder.

Tilleggsløyvinga gir høve til å gjennomføre eit ekstra tokt for kartlegging av botnforhold, naturlege ressursar og miljøgifter.

Regjeringa foreslår også ei løyving på 5 mill. kroner til oppgradering av Havforskingsinstituttet sitt forskingsfartøy ”Johan Hjort”. Ombygginga av fartøyet gjer det mogleg for  Havforskningsinstituttet å utnytte dei samla fartøyressursane meir effektivt, og kan gjennom dette bidra til å gi auka fartøytid til Mareano-kartlegginga.

Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen, mobil 480 64 549,
avdelingsdirektør Inger Oline Røsvik, mobil 900 53 460