88 millionar kroner til styrking av oljevernberedskap
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 74/2008 | Dato: 07.10.2008
- I budsjettforslaget for 2009 foreslår regjeringa å auke løyvinga til oljevernberedskap med 88 millionar kroner. God beredskap er eit viktig element i miljø- og ressursforvaltninga, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Regjeringa har dei siste åra arbeidd systematisk med å styrkje oljevernberedskapen. I revidert budsjett 2007 vart det vedteke ei løyving på 29 mill. kroner til reetablering av hovuddepot på Fedje i Hordaland. Vidare er det i 2007 og 2008 gjennomført tømming av vraket ”Nordvard” utanfor Moss og vraket ”Welheim” utanfor Florø.
Kystverket har levert ein statusrapport for oljevernmateriell i statlege depot langs kysten, med ein tilrådd utskiftingsplan fram til 2010. Forslaget om auka løyving på 88 millionar kroner er ei oppfølging av denne rapporten og kjem i tillegg til auken på 25 millionar kroner i saldert budsjett for 2008.
Kontakt:
Pressevakttelefon 22 24 66 99
Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig - mob. 915 44 235