Historisk arkiv

Fiskeri- og kystministeren møtte kollegaer frå Island, Færøyane og Skotland

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

I samband med sjømatkonferansen North Atlantic Seafood Forum har fiskeri- og kystminister Helga Pedersen hatt politiske samtalar med fiskeriministrar frå Island, Færøyane og Skotland.

I samband med sjømatkonferansen North Atlantic Seafood Forum har fiskeri- og kystminister Helga Pedersen hatt politiske samtalar med fiskeriministrar frå Island, Færøyane og Skotland.

 
Måndag 3. mars hadde fiskeri- og kystminister Helga Pedersen eit møte med den islandske ministeren Einar Guðfinnsson. Fiskeriavtalar mellom landa, avviklinga av loddefisket ved Island og kampen mot det ulovlege, urapporterte og uregulerte fisket (UUU-fisket) stod på agendaen. 

Tysdag 4. mars hadde fiskeri- og kystminister Helga Pedersen ein samtale med Tórbjørn Jacobsen, den nye færøyske fiskeriministeren. Tema for samtalen var samanfallande fiskeripolitiske interesser knytt til forvaltning av bestandar i Nord-Atlanteren og til UUU-fisket.

Same dag møtte fiskeri- og kystministeren den skotske fiskeriministeren Richard Lochhead. På agendaen stod fiskeripolitiske saker av felles interesse. Ministrane drøfta også EUs anti-dumpingtiltak mot norsk laks i lys av rapporten frå WTO-panelet.

-   Vi er glade for at panelet støttar synet vårt om at det ikkje er grunnlag for tiltaket mot norsk laksenæring Vi ventar at EU opphevar tiltaket når panelet sine konklusjonar vert gjennomførde, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen under møtet med Lochhead.

(Last biletet ned i høgoppløseleg versjon.)