Historisk arkiv

Fiskeriministrar med fokus på ulovleg fiske og klimaendringane sine verknader på fiskeria

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Verknadane som klimaendringane har på fiskeria og kampen mot ulovleg fiske stod på saklista då fiskeri- og kystminister Helga Pedersen møtte kollegane sine i den 13. nordatlantiske fiskeriminsterkonferansen (NAFMC) på Malta denne veka.

Verknadane som klimaendringane har på fiskeria og kampen mot ulovleg fiske stod på saklista då fiskeri- og kystminister Helga Pedersen møtte kollegane sine i den 13.  nordatlantiske fiskeriminsterkonferansen (NAFMC) på Malta denne veka.

- Kampen mot ulovleg fiske står sentralt i Nordatanteren. Det er gledeleg å sjå at arbeidet er kome så langt at det no er hovudvekt på å finne heilt praktiske og konkrete former for internasjonalt samarbeid, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen på NAFMC-møtet.

- Vi kan gle oss over reduksjonane i overfisket i Barentshavet. Ein framgang som ikkje hadde vore mogleg utan at Noreg hadde arbeidd internasjonalt. Ulovleg fiske er eit globalt fenomen, og kampen er på ingen måte over. Det er veldig viktig med ein internasjonal innsats sidan problemet, utfordringane og løysingane er internasjonale.

I innlegg peika fiskeri- og kystminister Helga Pedersen på behovet for å rette søkjelyset mot eigarskap, pengestraumar og andre forhold på landsida for å stanse aktørane som står bak den internasjonale fiskerikriminaliteten.

– For å få til dette må vi involvere institusjonar som er ekspertar på nasjonsovergripande økonomisk kriminalitet slik som Interpol og Europol, seier Helga Pedersen. Fiskeri- og kystministeren etterlyste også et meir aktivt europeisk engasjement i Afrika og Asia for å styrke det internasjonale arbeidet mot fiskerikriminaliteten.

Frå venstre: fiskeriministren frå Canada, Færøyene, Island, Norge, EU-kommisjonen og representanten frå fiskerikomiteen på Grønland
Frå venstre: fiskeriministren frå Canada, Færøyene, Island, Norge, EU, representanten frå fiskerikomiteen i Russland og fiskeriministeren frå Grønland.

Fiskeriministerkonferansen er også ein sentral arena for å ta opp dei aktuelle miljøforholda som vil utfordre fiskeriforvaltninga.

- Vi vil møte klimaendringane på mange ulike måtar og utfordringane er mange, men det er ikkje berre eit behov for tilpassing. Det er viktig at fiskeria kan bli ein del av løysninga og ikkje vere en del av problemet, understreka Pedersen i sitt innlegg.

Grønland reiste spørsmålet om eit mogeleg forbod mot import av selprodukt til EU. I innlegget sitt peikte fiskeri- og kystminister Helga Pedersen på at eit slikt forbod frå EUs side ikkje kan forsvarast ut frå berekraft eller omsynet til dyrevern. I tillegg understreka Pedersen at eit slikt forbod ville vere til stor skade for arktiske kystsamfunn. Ministrane frå Island, Færøyane og Canada støtta det norske synet.

  • Communiqué
    13th North Atlantic Fisheries Ministers Conference
    St Julian’s, Malta – 22 to 24 May 2008