Forskrift om tildeling av nye oppdrettsløyve send på høyring
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Dato: 31.12.2008
Fiskeri- og kystdepartementet har i dag sendt ut på allmenn høyring forslag til forskrift om tildeling av løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.
- Havbruksnæringa er ei viktig næring for Noreg, og denne tildelingsrunden vil medverke til auka verdiskaping langs kysten. Gjennom tildeling av 65 nye løyve innfrir regjeringa lovnadene i strategien for ei konkurransedyktig norsk havbruksnæring og bidreg til at havbruksnæringa får stabile og føreseielege rammevilkår innanfor ei miljømessig akseptabel ramme, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Regjeringa har i St.prp. nr. 1 Tillegg nr. 4 gjort greie for opplegget sitt for tildelingsrunden i 2009. Stortinget har behandla saka gjennom Innst.S. nr. 8 (2008-2009). Forslaget til ny tildelingsforskrift er utarbeidd på bakgrunn av desse dokumenta og er i samsvar med vedtaka i Stortinget.
Forslaget representerer ei endring i søknadsprosessen ved at fylkeskommunane får ei rolle i tildelingsrunden i 2009. Fiskeridirektoratets konsultasjon med fylkeskommunen vil innebere at den aktuelle fylkeskommunen uttalar seg om næringspolitiske vurderingar i lys av fylkesplanen, medrekna kvar i fylket det er ønskjeleg med meir oppdrettsverksemd.
Forslaget omfattar også prioriteringskriterium for tildeling av løyva. Det blir særleg lagt vekt på følgjande kriterium:
• Mindre aktørar i næringa
• Søkjarar som vil leggje til rette for auka bearbeiding med sikte på økonomisk integrasjon i kystdistrikta i Noreg
Innanfor den såkalla PD-sona på Vestlandet vil det, i tillegg til dei andre kriteria, gjelde eit prioriteringskriterium om å bruke tildelinga til å stimulere til å endre lokalitetsstrukturen for å lette nedkjempinga av pankreassjukdom (PD).
Det blir understreka at kriteria ikkje utelukkar nokon frå å søkje, men det å oppfylle kriteria vil ha vekt i spørsmålet om søkjaren vil nå opp i konkurransen om løyva.
I tillegg inneheld utkastet til forskrift føresegner om blant anna vederlag, geografisk fordeling og gebyr for søknadsbehandling og ei nærare utgreiing om tildeling av løyve til søkjarar som ønskjer å drive økologisk havbruk.
- Som regjeringa la opp til i Soria Moria-erklæringa vil kriteria for tildeling medverke til å halde oppe ein differensiert struktur med både små og mellomstore aktørar, seier fiskeri- og kystministeren.
Høyringsfristen er 16. februar 2009.