Raymond Jenssen avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 46/2008 | Dato: 20.06.2008
Raymond Jenssen er i statsråd utnemnd til avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Jenssen skal arbeide i Forskings- og innovasjonsavdelinga. Avdelinga arbeider blant anna med statsbudsjettet og med mål- og resultatstyring og etats- og eigarstyring.

Jenssen er 39 år og har utdanning frå høgre avdelingstudium ved Noregs Handelshøgskule og har ein Executive Master i offentleg økonomi og leiing frå same stad.
Han har vore studentrettleiar ved handelshøgskulen og førelesar ved Bergen ingeniørhøgskule. Jenssen begynte i Fiskeri- og kystdepartementet i 1997 og har arbeidd med budsjett, økonomi, styring, analysar og tilskotsforvaltning. Han har koordinert arbeidet i budsjettgruppa i Forskings- og innovasjonsavdelinga og vore fast fungerande for ekspedisjonssjefen. Jenssen har i mange år vore leiar for Akademikarane i Fiskeri- og kystdepartementet.
I den nye stillinga får Jenssen leiaroppgåver knytt til statsbudsjettet, økonomiske analysar og styring.