Historisk arkiv

Ressursane ligg til fellesskapet

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Ny havressurslov - ei heilskapleg forvaltning av viltlevande marine ressursar

Odelstinget vedtok 28.april ei ny havressurslov som skal leggje til rette for ei heilskapleg forvaltning av alle viltlevande marine ressursar og styrkje reglane om ressurskontroll.


Odelstinget vedtok 28.april ei ny havressurslov som skal leggje til rette for ei heilskapleg forvaltning av alle viltlevande marine ressursar og styrkje reglane om ressurskontroll.

- Formålet med lova er å sikre ei berekraftig og samfunnsøkonomisk lønsam ressursforvaltning og å medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna.
Dette viser at lova både er ei næringslov og ei miljølov, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen i Odelstinget måndag.

Havressurslova skal gjelde for hausting og anna utnytting av alle dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet. Havressurslova vil altså femne vidare enn saltvassfiskelova som ho erstattar, og skal gi grunnlag for ei ansvarleg, heilskapleg ressursforvaltning.

- Havressurslova slår fast at retten til dei viltlevande marine ressursane ligg til fellesskapet i Noreg. Med dette styrkar vi lovverket på eit viktig punkt og sikrar styring og kontroll med ressursane for fellesskapet i samsvar med Soria Moria-erklæringa, seier Helga Pedersen.
 
Ei viktig nyvinning ved havressurslova i denne samanheng er at ho omfattar genetisk materiale som høyrer til viltlevande marine ressursar. Funn og utnytting av genetisk materiale kan gje ein betydeleg økonomisk gevinst basert på ressursar som tilhøyrer fellesskapet. Det er difor svært viktig at vi no får ei lov som gir heimel til at staten kan sikre seg ei godtgjering, ved utnytting av norsk marint genetisk materiale.

- Med havressurslova styrkjer vi også kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske. Kampen mot ulovleg fiske er ei kjernesak for regjeringa. Vi har difor sett mykje inn på at den nye lova skal verte ein god reiskap i dette arbeidet, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen. Samla vil kontrollreglane i havressurslova medverke til å sikre at den fisken som vert landa og omsett i Noreg er lovleg hausta.

Regjeringa tar sikte på at lova trer i kraft ved komande årsskifte.

Innst.O.nr.45 (2007-2008) Innstilling fra næringskomiteen om lov om forvaltning av viltlevande marine ressursar (Havressurslova)