Slepebåtberedskapen skal styrkast
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 77/2008 | Dato: 07.10.2008
- Regjeringa foreslår å leige inn eit nytt slepefartøy over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett, som erstatning for Kystvaktas fartøy. Dette gjev oss ein god slepebåtberedskap i nord samstundes som Kystvakta får noe meir fleksibilitet for sine fartøy, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

I budsjettet for 2009 foreslår regjeringa å leige inn eit nytt slepefartøy over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett med ei ramme på 74 millionar kroner. Slepefartøyet skal gå inn i den statlege slepebåtberedskapen i Nord-Noreg, og fartøyet skal erstatte eit av Kystvaktas fartøy som vert fasa ut av denne beredskapen i 2009. Dette inneber at Kystvakta har eitt fartøy i den statlege slepebåtberedskapen i Nord-Noreg i 2009, medan det skal leigast inn eit fartøy på heilårskontrakt og eit fartøy på halvårskontrakt over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett for 2009.
Frå 2010 ønskjer regjeringa å styrke slepeberedskapen i Nord-Noreg til tre heilårs slepefartøy over Fiskeri- og kystdepartementets budsjett. Samstundes vil Kystverket bli bedd om å greie ut alternative løysingar med tilsvarande beredskapsnivå.
Kontakt:
Pressevakttelefon 22 24 66 99
Ekspedisjonssjef Kirsten Ullbæk Selvig - mob. 915 44 235