Historisk arkiv

Til Chile for å ha politiske samtalar med den chilenske ministeren for fiskeri

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Kontakt: Yngve Torgersen, mobil +47- 901 43 951

- Noreg og Chile er dei to største produsentane av oppdrettslaks, og begge landa forvaltar i tillegg store bestandar av villfisk. Difor er det viktig å ha ein open dialog med dei chilenske fiskeristyresmaktene, seier statssekretær Vidar Ulriksen i Fiskeri- og kystdepartementet.

Vidar Ulriksen reiser i dag til Chile for å ha politiske samtalar med den chilenske viseministeren for fiskeri, Jorge A. Chocair. Deretter sluttar Ulriksen seg til det norske kronprinsparet sitt offisielle besøk i Chile som startar onsdag. 

Under det offisielle besøket vil kronprinsparet mellom anna delta på eit havbruksseminar i Puerto Varas og dei vil besøke norske havbruksbedrifter. Puerto Varas ligg i region 10 der store delar av den chilenske havbruksverksemda er lokalisert. 

Ulriksen og Chocair vil mellom anna drøfte ulovleg fiske, WTO-forhandlingane, utveksling av produksjonsdata og teknisk samarbeid innanfor fiskeri og havbruk. 

I etterkant av det offisielle besøket skal Vidar Ulriksen delta på eit næringslivsprogram i regi av Innovasjon Noreg. Målet med arrangementet er fremme norske bedrifter i Chile.