U-864 har høg prioritet i regjeringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 96/2008 | Dato: 03.12.2008
- Alle som føler seg urolege på grunn av lasta, tilstanden og lokaliseringa av vraket skal vite at U-864 og det forureina området rundt vrakdelane skal bli handtert på ein måte som er til det beste både for havmiljøet, kystsamfunna og for det personellet som får oppdraget med å setje i verk tiltak ved vraket, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
- Alle som føler seg urolege på grunn av lasta, tilstanden og
lokaliseringa av vraket skal vite at U-864 og det forureina området rundt vrakdelane skal bli handtert på ein måte som er til det beste både for havmiljøet, kystsamfunna og for det personellet som får oppdraget med å setje i verk tiltak ved vraket, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Fiskeri- og kystminister Helga Pedersen besøkjer i dag Fedje i Hordaland for å snakke med innbyggjarane om utgreiingane og tilrådinga om handtering av forureiningsfaren frå vrakdelane etter ubåten U-864.
Måndag 10. november mottok fiskeri- og kystministeren den faglege tilrådinga frå Kystverket om tiltak ved U-864 og Det norske Veritas (DNV) sine risikovurderingar av ulike tekniske forhold som kan påverke gjennomføringa av tiltak. Ei rekkje norske og utanlandske ekspertar har bidrege med kunnskap i dette arbeidet. Kystverket og DNV har evaluert og samanlikna hevingsalternativet og tildekkingsalternativet med utgangspunkt i personellsikkerheit, forureining på kort og på lang sikt, kompleksiteten i hevingstiltaket og evna til å handtere uventa hendingar under operasjonen.
- Alle som har lese om U-864 veit at dette er eit komplekst og spesielt vrak. Det er gjort eit svært grundig arbeid, som eg håpar kan bidra til å gje svar på mange av dei spørsmåla som har skapt usikkerheit rundt vraket dei siste åra, sa fiskeri- og kystministeren.
- Eg forstår godt engasjementet blant folk på Fedje. Det er viktig for meg å komme hit for å lytte til tankane de har rundt utgreiingane og tilrådinga. Eg arbeider for ei raskast muleg avklaring i saka og for at det så snart som muleg skal setjast i verk konkrete tiltak for å handtere både forureiningsfaren frå vraket av U-864 og det forureina området rundt vraket, sa fiskeri- og kystminister Helga Pedersen på Fedje i dag.
Kontakt: Pressevakt 22 24 66 99