Historisk arkiv

Vraket ”Welheim” skal også tømmast for olje

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

”Welheim” vart senka av ein norsk motortorpedobåt i 1944. Vraket ligg ca. 10 km sør for Florø på ein skrå sjøbotn, mellom 30 og 65 meter djupt. Ein reknar med at skipet kan ha hatt mellom 300 og 1200 tonn dieselolje om bord (som drivstoff) då det vart senka.

- Det har vore mindre lekkasjar frå skipet gjennom fleire år, men det er observert fleire utslepp den siste tida. Området er viktig for oppdrett, det føregår kystfiske og turistfiske og det er sjøfugl i nærområdet. Regjeringa meiner det er nødvendig med tiltak mot akutt forureining frå vraket, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Kystverket vurderer kostnadene for å tømme vraket for olje, beredskapstiltak medrekna, til 25 millionar kroner.

Kystverket har nyleg avslutta ei vellukka tømming av krigsvraket MS "Nordvard". ”Nordvard” vart senka i Mossesundet i desember 1944. Det vart teke ut 483 000 liter diesel frå vraket. I tillegg til løyvinga på 5,5 millionar kroner i 2007 foreslår Regjeringa å no løyve 24 millionar kroner for å dekkje resten av kostnadene knytt til tømminga av ”Nordvard”.