Forslag om endring i akvakulturloven
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 108/2009 | Dato: 16.10.2009
- Det er rimeleg at samfunnet får noko tilbake i form av vederlag når oppdrettaren blir tildelt eit nytt løyve som kan seljast og har ein verdi i andrehandsmarknaden. Desse omsyna gjeld også ved ein auke av storleiken på gjeldande løyve som regjeringa legg opp til i 2010, seier statssekretær i Fiskeri- og kystdepartementet Vidar Ulriksen.
Regjeringa vil ha ein moderat vekst i oppdrett av laks, aure og regnbogeaure i 2010, og veksten skal takast ut i form av auka produksjonskapasitet for gjeldande løyve. Regjeringa ønskjer at tilbodet om auka kapasitet skal givast mot vederlag til staten.
Difor legg no regjeringa fram eit forslag om endring i akvakulturloven for Stortinget. Forslaget inneber at det kan takast vederlag også for auka produksjonskapasitet for gjeldande løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure.
Akvakulturloven gir i dag heimel til å ta vederlag for nye lakse- og aureløyve, men ikkje til å ta vederlag for ein auke i omfanget av eit gjeldande løyve.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Magnor Nerheim, 22 24 64 61