Forslag om garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 36/2009 | Dato: 08.05.2009
Regjeringa fremma i dag forslag for Stortinget om garantiar for driftskreditt til fiskerinæringa. Bakgrunnen for dette er at mange fiskeindustribedrifter manglar driftskapital for å kunne kjøpe inn meir fisk. – Ei slik garantiordning vil kunne bidra til å auke tilgangen på driftskapital i fiskeindustrien. For å avhjelpe gjennomføringa av vårtorskefisket i Finnmark og for seifisket langs kysten er det viktig at ordninga kjem i gang allereie denne våren, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Det står no att 97,5 mill. kroner av garantiramma som vart sett av til ordninga med garantiar for førstehandsomsetning av fisk i februar, og 68 mill. kroner av løyvinga til tapsavsetningar.
Desse midlane vil no regjeringa omdisponere til ei garantiordning for driftskreditt. Dette vil gi Innovasjon Norge høve til å gi garantiar for driftskreditt for enkeltbedrifter i fiskerinæringa på totalt 130-195 mill. kroner, avhengig av kva risikodel Innovasjon Norge bestemmer å stille med i den enkelte sak.
- Det ligg til grunn at garantiane skal bidra til auka driftskreditt, og ikkje overta risikoen for eksisterande driftskreditt. Det er også eit vilkår at auka garantiar for driftskreditt skal bidra til å styrkje kjøp av råstoff til produksjon av produkt som marknaden i større grad etterspør, med sikte på å unngå ytterlegare lageroppbygging av saltfisk av torsk, seier Helga Pedersen.
Kontaktperson: Avdelingsdirektør Raymond Jenssen mob. 918 29 918