Forslag til endringar i akvakulturlova
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 02/2009 | Dato: 23.01.2009
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår to endringar i akvakulturlova som kvar på sin måte kan medverke til å møte framtidige behov. - Begge forslaga heng saman med omsynet til miljø og arealdisponering, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Fiskeri- og kystdepartementet foreslår to endringar i akvakulturlova som kvar på sin måte kan medverke til å møte framtidige behov. - Begge forslaga heng saman med omsynet til miljø og arealdisponering, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.
Forslaga er å innføre rett til å
• endre prosedyrane for saksbehandlinga ved tildeling av løyve til oppdrett av andre arter enn laks, aure og regnbogeaure
• å pålegge flytting av oppdrettsanlegg av overordna samfunns- og næringsomsyn
Løyve til anna oppdrett enn laks, aure og regnbogeaure blir i dag tildelt utan at talet på løyve er avgrensa. Lova legg i dag opp til at styresmaktene har ei plikt til å behandle søknader løpande. Dette inneber ei belastning på havbruksforvaltninga som ikkje står i forhold til nytten for næringa. Det kan og føre til at bruken av areal ikkje er optimal, og kan ha negative nærings- og miljøkonsekvensar. Det vil vere særleg aktuelt å kunne stanse tildelinga heilt eller delvis i periodar eller i geografiske områder, eventuelt styre utviklinga ved å utlyse ei avgrensa mengde løyve i eit bestemt område. - Dette vil medverke til at styresmaktene kan sjå tildelinga av løyve i ein større samanheng utover den enkelte søknaden, seier Helga Pedersen.
Lova gjev i dag ikkje høvelege reiskapar til å pålegge flytting av oppdrettsanlegg sjølv om overordna samfunns- og næringsomsyn tilseier at det er nødvendig eller tenleg. Formålet med lovendringa er å kunne få til betre lokalitetsstrukturar.
- Dette kan gje meir rasjonell drift som tek betre vare på blant anna fiskehelse og miljø, seier Helga Pedersen. Departementet foreslår at flyttekostnadene ikkje skal berast av den oppdrettaren som må flytte, men til dømes av oppdrettarane i det aktuelle fjord- eller kystområdet i fellesskap.
Høyringsfristen er 6. mars 2009.