Konstituert avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 01/2009 | Dato: 23.01.2009
Jartrud Steinsli er i statsråd konstituert som avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet. Steinsli skal arbeide i Forskings- og innovasjonsavdelinga. Avdelinga arbeider blant anna med rammevilkår for forvaltnings- og næringsretta forsking og innovasjon.

Steinsli er 42 år og er utdanna cand.oecon. frå Universitetet i Oslo og MSc frå London School of Economics.
Frå 1995 til 2001 var Jartrud Steinsli tilsett i Kommunal- og regionaldepartementet, blant anna som fungerande underdirektør. Ho har arbeidd som forskar ved Handelshøgskolen BI og vart tilsett i Fiskeri- og kystdepartementet i 2002. Her har ho i stor grad arbeidd med forskingssaker og forskingsstrategiar.