Historisk arkiv

Nye tiltak for å betre bestanden av ål

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har vedteke nye reglar for forvaltninga av europeisk ål. - Den alvorlege situasjonen for ålen gjer det heilt naudsynt med effektive tiltak for å betre rekrutteringa, og tiltaka må sikre ein kraftig reduksjon i uttaket, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Fiskeri- og kystdepartementet har vedteke nye reglar for forvaltninga av europeisk ål.  - Den alvorlege situasjonen for ålen gjer det heilt naudsynt med effektive tiltak for å betre rekrutteringa, og tiltaka må sikre ein kraftig reduksjon i uttaket, seier fiskeri- og kystminister Helga Pedersen.

Bestanden har i følgje Det internasjonale havforskingsrådet (ICES) minka dramatisk sidan midt på 1980-talet, og viser ingen teikn til betring. ICES har omtalt rekrutteringa som kritisk låg, og tilrår at det vert sett i verk effektive tiltak for å redusere uttaket så mykje som mogleg så snart som mogleg.

Dei nye reglane gjeld frå 1. juli 2009.

Departementet sitt vedtak inneber at:

  • Det vert innført totalforbod mot fritidsfiske til eige konsum og omsetting for fiskarar som ikkje er ført i manntalet, på ubestemt tid frå 1. juli 2009
  • Det vert innført ein totalkvote på 50 tonn ål for manntalsførte fiskarar i 2009, med stopp i fisket når denne kvoten er fiska opp
  • Frå og med 2010 vil forbodet mot å fiske ål også gjelde for yrkesfiskarar
  • For å sikre tilgang til datamateriale og overvaking av bestanden, vert det frå 1. januar 2010 innført ei ordning med overvakingsfiske. Fiskeridirektoratet vil fastsetje særskilte kriterium for dette fisket
  • Det vert innført eit utvida system for rapportering for dei som tek del i overvakingsfisket frå og med 2010, med nærare reglar fastsett av Fiskeridirektoratet og Havforskingsinstituttet

På bakgrunn av den store nedgangen i bestanden er det i løpet av det siste året gjort eit systematisk arbeid for å skaffe eit størst mogleg kunnskapsgrunnlag som basis for ei framtidig forvaltning. I dette arbeidet har all tilgjengeleg informasjon om bestanden og haustinga i Noreg blitt undersøkt. Rapporten har vore på høyring, slik at næringa har fått komme med innspel til ulike skisserte tiltak.

Totalkvoten for 2009 betyr ein reduksjon i uttaket på over 80 prosent samanlikna med gjennomsnittet for åra 2004-2006. Det inneber ein vesentleg høgare reduksjon enn EU sitt krav til dei forvaltningsplanane som har vore utarbeidde i medlemslanda. Departementet vil arbeide internasjonalt for å sikre ei berekraftig forvaltning av europeisk ål.

Overvakingsfisket frå 2010 skal sikre at det vert samla inn data på ein effektiv måte, slik at ein kan halde eit kontinuerleg auge med bestanden. For det andre gjer ei slik ordning det mogleg å halde ved like ein forsiktig haustingstradisjon så langt det er forsvarleg innafor dei biologiske rammene til bestanden.

Kontaktpersoner:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47