Øyvind Lie tilsett som direktør for NIFES for seks nye år
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 64/2009 | Dato: 07.08.2009
Direktør Øyvind Lie er i statsråd i dag, fredag 7. august 2009, tilsett på åremål som direktør for Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) for ein ny periode på seks år frå november 2009.

Øyvind Lie er utdanna cand. real og dr. philos. Han har blant anna bakgrunn som forskar i tillegg til administrativ erfaring. Han er i dag direktør for instituttet. Han er også professor II ved Universitetet i Bergen.
Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking (NIFES) i Bergen er rådgivar for fiskeristyresmaktene, Mattilsynet og fiskeri- og havbruksnæringa i spørsmål som gjeld ernæring og mattryggleik, fôr til fisk og fisk som mat. Instituttet driv forsking knytt til desse områda for å sikre trygg og sunn sjømat frå fiskeri og havbruk. Instituttet er i rask vekst med brei fagleg kontaktflate nasjonalt og internasjonalt og med mange utfordrande oppgåver som gjeld sjømat som ernæring og trygg mat-problematikken.