Historisk arkiv

Regulering av fisket etter uer i 2010

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2010. Når det gjeld fisket etter uer i norsk økonomisk sone vert det vist til forskrift om utøving av fisket i sjøen.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II utanfor nokon stat sin jurisdiksjon i 2010. Når det gjeld fisket etter uer i norsk økonomisk sone vert det vist til forskrift om utøving av fisket i sjøen.

På grunn av bestandssituasjonen vert gjeldande reguleringsordningar for fisket etter uer i norsk økonomisk sone nord for 62°N vidareført, slik dei går fram av utøvingsforskrifta. Det vil mellom anna seie at forbodet mot å fiske uer med trål nord for 62°N vert ført vidare. Det same gjeld bifangstreglane, som inneber at ein heller ikkje i 2010 kan ha meir enn 15 % innblanding av uer i fisket med trål og 20 % innblanding i fisket med konvensjonelle reiskapar, i fisket etter andre artar. Sjå nedst for aktuelle paragrafar i utøvingsforskrifta.

Reguleringane når det gjeld fisket etter uer i ICES’ statistikkområde I og II
vert fastsett i samsvar med vedtak i Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen NEAFC. Det vil seie at med unntak frå eit generelt forbod mot fiske i området, kan landa i NEAFC fiske ein samla kvote på 8600 tonn mellom 15. august og 1. desember 2010. Fisket vert regulert som eit olympisk fiske i denne perioden. Berre fartøy som har tilgang til å ta del i dette fisket i år, vil kunne ta del i 2010.

Aktuelle paragrafar i utøvingsforskrifta vedrørande fiske etter uer i Noregs økonomiske sone:

 

Generelt forbod mot å fiske uer med trål:   § 15 bokstav (d)
Fredingstid:   § 34 (3)
Forbod mot å fiske med stormaska trål i nærare avgrensa område:  § 15 bokstav (e)
Maskevidde i stormaska trål:   § 3
Forbod mot å fiske vassild og kolmule med småmaska trål i
nærare avgrensa område:
§ 16 bokstav (c)
Bifangst ved fiske med stormaska trål:  § 36 (1)
Bifangst ved fiske etter vassild utanom områda nemnd i § 16 (c):  § 37 (4)
Bifangst ved fiske med konvensjonell reiskap:   § 39 (1)

    

Kontaktperson:

Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47