Fiskeri- og kystministeren besøkjer Senja
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 22/2010 | Dato: 09.04.2010
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen besøkjer Senja 13. april. Pressa er invitert til å delta på turen.
Priv. til red.
Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen besøkjer Senja 13. april. Pressa er invitert til å delta på turen.
Statsråden skal bl.a. ha møte med Nergård AS. På dette møtet ønskjer selskapet å presentere sitt syn på utfordringane innanfor kvitfisk, pelagisk og reker.
Statsråden skal også møte profilgruppa, der temaet er ”Framtidas fiskeripolitikk - kva vil vi med fiskerinæringa?”. Profilgruppa består av ca. 50 bedriftsleiarar i regionen (alle bransjar). I tillegg deltar ordførarane i regionen.
Journalistar som ønskjer å delta på heile eller deler av statsråden sitt besøk kan ta kontakt med kommunikasjonssjef Anne-Berit Herstad på mob. 970 81 522.
Program for pressa
11.00-12.30 Omvising på Nergård AS og deira ulike verksemder i Senjahopen.
13.00-14.00 Lunsj (Hamn på Senja).
14.30-16.00 Presentasjon av og omvising på Nergård sitt anlegg og informasjon om den
nye moloen som Kystverket byggjer (Gryllefjord).
18.15-18.30 Statsråden er tilgjengeleg for pressa i forkant av møtet med
profilgruppa (Senjastua, Silsand).