Historisk arkiv

Invitasjon til fiskeri- og kystministerens seminar på Nor-Fishing om Noreg – verdas fremste sjømatnasjon

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til eit ope seminar med temaet Noreg – verdas fremste sjømatnasjon, 19. august kl.11.00-14.00 på messeområdet til Nor-Fishing-messa - hall H.

Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til eit ope seminar med temaet Noreg – verdas fremste sjømatnasjon, 19. august kl.11.00-14.00 på messeområdet til Nor-Fishing-messa  - hall H.

Eg håpar at mange har lyst til å komme for å få inspirasjon og for å delta i debatten om kva som må til for at Noreg skal bli verdas fremste sjømatnasjon, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

For å inspirere til debatt har vi invitert fleire spennande foredragshaldarar:

  • Tromsøs fotballtrenar Per- Mathias Høgmo vil gi råd om korleis ein kan utvikle ein vinnarkultur
  • Konsernsjef Liv Monica Stubholdt frå Aker Seafood vil snakke om framtidsperspektiv for sjømatindustrien.
  • Professorane Torger Reve og Frank Asche presenterer ny forsking om globale næringsklynger og kunnskapsstrukturen i norsk sjømatindustri.
  • Forskar Audun Iversen vil presentere ein rykande fersk innovasjonsanalyse av fiskeindustrien.

Politikarar frå næringskomiteen i Stortinget vil delta i den etterfølgjande paneldebatten.

Sjå heile programmet her (pdf-format).

Vel møtt!

Kontaktperson: avdelingsdirektør Stine Hammer mob, 90608681