Historisk arkiv

Priv. til red. Kunnskapsseminar om villaks og oppdrettslaks 2. desember

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til kunnskapsseminar om villaks og oppdrettslaks torsdag 2. desember. Arrangementet er ope for pressa og spesielt inviterte.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen inviterer til kunnskapsseminar om villaks og oppdrettslaks torsdag 2. desember. Arrangementet er ope for pressa og spesielt inviterte.
 
Føremålet med seminaret vil vere å belyse kunnskapsgrunnlaget om utfordringane for villaksen som fylgje av oppdrettsverksemd. Relevante fagetatar og forskningsinstitutt samt andre interesserte er inviterte.
 
Vetenskapeleg råd for lakseforvaltning vil innleiingsvis gjere greie for situasjonen for og truslane mot villaksen. Kunnskapsinstitusjonane Norsk institutt for naturforskning, Havforskningsinstituttet og Veterinærinstituttet vil etter det utdype kunnskaps¬grunnlaget om utfordringane for vill anadrom laksefisk som fylgje av akvakultur¬verksemd.
 
Departementsråd Harald Rensvik i Miljøverndepartementet leiar seminaret.

 

Dagsorden:
 
1000-1010 Velkommen
                Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
                Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
 
1010-1030 Om situasjonen for og truslane mot vill anadrom laksefisk i Norge
                Vetenskapeleg råd for lakseforvaltning v/leiar Torbjørn Forseth
 
1030-1110 Kunnskapsgrunnlaget om påverknad frå akvakultur på vill anadrome laksefisk
                Norsk institutt for naturforskning
                Havforskningsinstituttet
                Veterinærinstituttet
 
1110-1145 Oppsummerande diskusjon og spørsmål
                Innledende kommentarer ved Fiskeridirektoratet, Mattilsynet og 
                Direktoratet for naturforvaltning
 
1145         Avslutning
                Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim
                Fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen
 
Statsrådane vil vere tilgjengelege for separate intervjuar frå 1150 til 1200
 
Pressekontaktar: Kommunikasjonssjef Jon Berg i Miljøverndepartementet, tlf 90569495, jbe@md.dep.no, og kommunikasjonssjef Anne-Berit Herstad i Fiskeri- og kystdepartementet, tlf 97081533, anne-berit.herstad@fkd.dep.no
 
Stad: Konferansesalen hos Riksantikvaren, Dronningensgate 13 Oslo