Regjeringa vidarefører garantiavtalar eitt år til
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 67/2010 | Dato: 05.10.2010
Regjeringa foreslår å vidareføre garantiavtalane som Innovasjon Noreg gjorde i 2009 med Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag i eitt år til, slik at avtalane tek slutt seinast 31. desember 2011. - Avtalane har vore eit viktig bidrag til å halde fisket i gang, seier fiskeri- og kystminister Lisbeth Berg-Hansen.

Garantiavtalane mellom Innovasjon Noreg og Norges Råfisklag og Norges Sildesalgslag kom i stand i 2009, og er ei mellombels ordning som skal medverke til å dempe verknadene av finanskrisa i fiskerinæringa.
Regjeringa vurderer det slik at det er behov for forlenga og utvida kredittar til deler av fiskeindustrien i 2011. Sjølv om verknadene av den globale finanskrisa har vorte mindre, er det framleis usikkert korleis den økonomiske utviklinga blir i viktige marknader for norsk sjømat. Men lågare minsteprisar og ein forsiktig oppgang i eksportprisane har gitt fiskeindustrien eit betre grunnlag for å kunne byggje opp att nødvendig soliditet.
Ved å vidareføre garantiavtalane i 2011 får fiskeindustrien tid til å tilpasse seg endra marknadsforhold og få på plass tilstrekkeleg kommersiell finansiering for å erstatte garanterte lån.
Samtidig foreslår regjeringa at garantiavtalerammene blir tilpassa noko for å ta høgde for realiserte tap innanfor avtalane i 2009 og 2010.
Kontakt: Ekspedisjonssjef Arne Benjaminsen, 22 24 64 10, mob 480 64 549
Pressevakttelefon, 22 24 66 99