Regulering av fisket etter kolmule i 2011
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Fiskeri- og kystdepartementet
Pressemelding | Nr: 101/2010 | Dato: 16.12.2010
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2011. Den norske totalkvoten er på 22 731 tonn.
Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2011. Den norske totalkvoten er på 22 731 tonn.
Det er sett av eit kvantum på 2000 tonn kolmule til forskings- og undervisningskvotar og 1000 tonn kolmule til dekning av bifangst i andre fiskeri før fordelinga på fartøygruppene.
Fartøy med kolmuletrålløyve kan fiske og lande inntil 6289 tonn kolmule. Heile dette kvantumet kan fiskast i EU-sona. For fartøy med kolmuletrålløyve blir deltakinga i fisket etter kolmule i 2011 avgjort etter kunngjering og skriftleg påmelding til Fiskeridirektoratet. For å sikre eit lønnsamt fiske kan Fiskeridirektoratet på grunnlag av påmeldingane avgjere deltakinga ved loddtrekking. Fartøy som får delta i fisket etter kolmule i 2011 vil ikkje kunne delta i ei eventuell loddtrekking om deltaking i fisket etter kolmule i 2012.
Pelagiske trålarar og nordsjøtrålarar kan fiske og lande inntil 12 743 tonn kolmule.
298 tonn av dette kan fiskast i EU-sona.
Noreg har også tilgang til å fiske 1672 tonn i Færøyane si fiskerisone.
Fiskeridirektoratet får løyve til å fastsetje fartøykvotar/maksimalkvotar. Krav om sorteringsrist i fisket etter kolmule gjeld framleis i 2011. Fiskeridirektoratet kan dispensere frå dette kravet for fartøy som ikkje har høve til å nytte rist og kan dokumentere at konsumfisk vert tatt vare på.
Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47