Historisk arkiv

Regulering av fisket etter makrell i 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Fiskeri- og kystdepartementet

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om fisket etter makrell i 2011. Det er vedteke nytt reguleringsopplegg i kystfartøygruppa sitt fiske, med ei samanslåing av reiskapsgruppene og eit felles gruppeskilje på 11 meter. - Den nye reguleringa inneber ei forenkling, og gir større fridom for aktørane i gruppa, slik at dei enklare kan tilpasse si eiga drift til kvotegrunnlaget, seier statssekretær Vidar Ulriksen.

Fiskeri- og kystdepartementet har fastsett forskrift om fisket etter makrell i 2011. Det er vedteke nytt reguleringsopplegg i kystfartøygruppa sitt fiske, med ei samanslåing av reiskapsgruppene og eit felles gruppeskilje på 11 meter.

- Den nye reguleringa inneber ei forenkling, og gir større fridom for aktørane i gruppa, slik at dei enklare kan tilpasse si eiga drift til kvotegrunnlaget, seier statssekretær Vidar Ulriksen.


Forvaltninga av makrellbestanden i 2011 skjer i høve til den bilaterale avtalen med EU, etter at det ikkje lukkast å få Island og Færøyane med på ein heilskapleg kyststatsavtale som omfattar alt fiske på bestanden. Kvotane som Noreg og EU har fastsett byggjer på historisk fordeling til kyststatane, og er i tråd med forvaltingsplanen som er etablert og tilrådd av Det internasjonale råd for havforsking (ICES).

Den norske totalkvoten er avtalt til 182 827 tonn etter avsetjing i samsvar med nabolandsavtalen med Sverige. Av dette vert det sett av 3150 tonn til forskings- og undervisningsføremål og 1100 tonn til agn, slik at kvoten til fordeling vert på 178 577 tonn. Med kvotefleksibilitetsordninga vert ufiska kvantum i 2010 overført til 2011 på fartøynivå i ringnot- og trålgruppa, og på gruppenivå i kystfartøygruppa.

Reguleringsopplegget i ringnot- og trålgruppa vert ført vidare i 2011. Gruppekvoten vert 138 297 tonn for ringnotfartøy, med 126 818 tonn til konsesjonspliktige ringnotfartøy og 11 479 tonn til ringnotfartøy utan konsesjon (SUK). For trålfartøy vert gruppekvoten 7143 tonn. For kystfartøygruppa vert kvoten 36 870 tonn, inkludert ufiska kvantum frå 2010, og avsetjing til open gruppe og ikkje-mantalsførte fiskarar som fiskar med landnot.

Reguleringa av kystfartøygruppa vert endra i 2011. Fiskeri- og kystdepartementet hadde i 2009 denne saka på høyring, etter at reguleringa i kystfartøygruppa over tid hadde utvikla seg til å bli samansett og detaljert, mellom anna som ein følgje av lukking for einskilde storleiksgrupper. Utbreiinga til makrellen varierer, og deltakinga i kystfartøygruppa har derfor vore lite føreseieleg. Dette har ført med seg eit stort behov for å kunne endre reguleringa i løpet av kvoteåret. Samstundes har reguleringa frå tid til anna ført til misnøye i delar av gruppa, og det har ein forsøkt å kompensere ved å endre på detaljane i opplegget. Slike endringar har i neste omgang ofte sideverknader som heller ikkje er ønskjelege.

Ei rekkje av høyringssvara gav uttrykk for eit ønskje om ei forenkling som gjer reguleringa meir forståeleg og som gir meir fridom for næringa til å tilpasse eiga drift. I det nye opplegget vert notgruppa og garn-/snøregruppa slått saman til ei gruppe, slik at alle fartøy fritt kan velje kva for reiskap dei bruker. Kvotefaktorane for enkeltfartøy vert ståande, men justert slik at fartøya i dei tidlegare reiskapsgruppene kjem ut med tilnærma same grunnkvote som om dei vart regulert i høve til same reguleringsopplegg som gjeld i 2010.

Kystfartøygruppa vert regulert med eit felles gruppeskilje på 11 meter i 2011. Dette inneber ei harmonisering med reguleringa av torskefisket. Det vert innført tre grupper for overregulering. Fartøy med både heimelslengd og faktisk lengd under 11 meter har størst overregulering frå starten av året. Fartøy med heimelslengd under 11 meter, men med faktisk lengd på eller over 11 meter, vert regulerte med halvparten så mykje overregulering. Fartøy med heimelslengd på eller over 11 meter vert ikkje overregulerte frå starten av året. Dato for endring eller oppheving av kvotane er 25. august 2011 for fartøy med heimelslengd under 11 meter og 16. september for fartøy med heimelslengd på eller over 11 meter.

 

Kontaktpersonar:
Ekspedisjonssjef Johán H. Williams, 22 24 64 40
Avdelingsdirektør Sverre Johansen, 22 24 64 47